
Å jobbe på Søre
På søre Sunnmøre byggjer vi båtar i milliardklassen, her utdannar
vi dokumentarfilmskaparar på Høgskulen i Volda, her eksporterer vi
mest fisk i heile Noreg , her byggjer vi møblar som vinn
designprisa. Møre og Romsdal er Noregs største matvareprodusent på
hav og land, og i tillegg vinn vi prisar for verdas vakraste
reisemål. Summen av alt som skjer i næringslivet saman med
offentleg sektor, gjer at her er det mykje spennande folk.
Dei korte avstandane gjer at ein slepp å flytte om ein bytter jobb.
Og har du ein
draum om å skape din eigen bedrift, finst det pengar du kan søke
om.
Å jobbe på Søre gir mange karrieremuligheiter.