www.einavdei.no

Jobb i kommunal sektor
Fordi det er spennande


La det vere heilt klart: ordet kommune er grått, traust og kjedeleg. Ordet smakar av syttitalsbygg, gamle kopimaskiner, byråkrati, treig sakshandsaming, fotformsko, lusekofte og sur kaffi. Mange vert difor overraska over at det slett ikkje er kjedelig å jobbe i kommunen. Ordet kommune har eit anna innhald når du ser etter. Vi kan tilby, mellom anna:

  • ei rekkje fagområde med dyktige kollegaer i spekteret frå sivilarkitekt til kinomaskinist via psykolog
  • ein sikker og trygg jobb i usikre økonomiske tider
  • eit godt arbeidsmiljø med laus snipp og stor takhøgde
  • gode høve til etter- og vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar (kjedeleg å tenke på no, men ein dag vil du vere glad for at dette var i orden)
  • sjefar og kollegaer som ikkje er redd for å seie at du er flink

Trivsel på jobb er vanskeleg å setje ein pris på. Tryggleik i arbeidsmarknaden er også vanskeleg å verdivurdere. Ein jobb i kommunal sektor har både tryggleik og trivsel. Vi trur nemleg det er lønsamt i lengda.  Og så kan vi overraske. Kanskje vil du også oppdage at kommune ikkje er det same som kjedeleg?

Ansvarleg redaktør: Einar Vik Arset - Kontaktpersonar asbjorg.garshol@ulstein.kommune.no og bente.engeseth@volda.kommune.no