
Har du ein kvardagshelt i magen?
Vi lærer born å lese. Vi sørgjer for at du får grønt lys til å
byggje draumehuset. Vi sløkkjer brannen om uhellet skulle vere ute.
Vi vaksinerer deg mot svineinfluensa. Vi byggjer ballplassar og
skateparkar. Vi plantar blomar i sentrum. Vi tek hand om deg som
treng nokon å snakke med når livet er kjipt. Vi gir deg reint vatn
i springen. Vi sørgjer for at du har eit trygt nærmiljø. Vi
serverer middag til bestemor på sjukeheimen. Vi set opp filmane på
kino. Vi lærer små ballerinaer å danse. Vi passar på barnet ditt
når du er på jobb.
Korleis hadde livet vore utan alle desse kvardagsheltane?
Vi er stolte av å jobbe i offentleg sektor. Vi vil gjerne ha deg med på laget!
Einavdei.no er eit samarbeidsprosjekt sett i stand av søre Sunnmøre regionråd. Regionrådet består av sju kommunar frå søre Sunnmøre: Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta.
Gjennom einavdei.no vil vi gjere det lettare for deg å finne dei
spennande jobbane vi kan tilby deg.
Anten du står på steget til å utdanne deg, eller er på jakt etter
eit karriereskifte er det ingenting i vegen for at du også kan bli
ein av dei.
Velkomen blant kvardagsheltane.