
Det aller vakraste
Det er mange som konkurrerer om å vere Noregs vakraste fjord. Vi er
ikkje beskjedne: vi veit at det berre finst ein fjord som
Hjørundfjorden. Om du vil padle kajakk under mektige tindar med
utsikt mot Slogen, surfe på puddersnø ned frå Grøtdalstindane (
ifølgje ekstremsportbladet Fri Flyt er dette kremen av nedkøyring i
Europa), om du vil sove i himmelseng på spøkelsesromet på Hotell
Union Øye, om du vil spele blues på Trandal, om du vil smake lokalt
kjekjøt på Rekkedal, om du vil fiske laks på Sæbø eller om du berre
vil ta ferja og kike på geitene på Skår: Hjørundfjorden har
alt.