www.einavdei.no

Bu på Søre

Urbant eller landleg? Fjell eller sjø? Blokk eller småbruk? Her kan du velje, utan å bli blakk. Jada. Det finst kaffibarar i Ulsteinvik. Rockekonsertar og studentveke i Volda. Kunstgalleri på Vartdal. Verdskunstnarar på Flø. Sushi i Fosnavåg. Paintball på Flatøya. Klatreklubb på Åheim. Blandakor i kvar ei bygd. Fotballkampar på alle nivå.  Full barnehagedekning.

Søre har meir enn du trur. Korte avstandar gjer at du kan jobbe på Hareid og bu i Ørsta. Eiksundsambandet har knytt saman Søre. Når Kvivsvegen opnar, kjem ein også raskt til Nordfjord. Og skulle lengten etter storbyen verte for stor, slepp du innsjekkingskø på dei effektive flyplassane våre, og du er i Oslo på ein time.

Å bu på Søre handlar om fridom til å velje.

Ansvarleg redaktør: Einar Vik Arset - Kontaktpersonar asbjorg.garshol@ulstein.kommune.no og bente.engeseth@volda.kommune.no